• Bukken Kommunikasjonsverksemd i Kvam opna i Januar 2016. Heile eventyret starta med Connie og Hege, 2 damer frå bygda med det «enkle» ynskje om å skapa sin eigen arbeidsplass. I 2017 valte Hege og «hoppa av» Bukken, men firmaet held fram som normalt med Connie og mange gode samarbeidspartnarar i Noregs land. Våren 2019 byrja grafisk designer Kristin Øverlie Edøy og Camilla Iversen i Bukken. Mål nummer ein er det same som før- å bistå verksemder på å henge med i den digitale tidsalder! Vidare ynskjer me å fokusere på nye, digitale plattformar for kommunikasjon og strategi, i tillegg til at me sjølvsagt kan levere meir tradisjonelt marknadsføringsmateriell som trykksaker, foliedekor og liknande.

Connie Langeland

Utdanna innanfor Reklame og Merkevarebygging ved Norges Kreative Fagskole i Bergen, fullførte så sin BA Graphic Design and Art Direction i Milano, Italia ved Nouva Accademia di Belle Arti. Har eit års vikariat frå Riss Grafisk Formgjeving i Øystese. Og har etter det jobba frilans med eiget enkeltmannsføretak, parallelt med å ha vore tilsett som marknadsaanvarleg m.m. hjå både Gule´s Mek. og Landbruksverkstad og formidlar m.m. i Kunsthuset Kabuso. I dag eig og driftar ho Bukken AS.

Anna
> Styremedlem i Kvam Næringsråd www.kvamnr.no
> Styremedlem i Optima Produkter www.optima-ph.no

Camilla Iversen

Utdanna innanfor grafisk design ved Høyskolen Kristiania Bergen og journalistikk ved Kingston University i England. Camilla har vore ein del av Bukken sidan August 2019 og jobber hovudsakleg frå heimekontor i Bergen. Ho har alltid likt å væra kreativ, å skapa og den store lidenskapen er magasinproduksjon. På fritida er ho redaktør av magasinet Egenart og likar godt å jobbe med tekst samt heimeside, identitet og produktdesign.

Kristin Øverlie Edøy

Kristin er 29 år og kjem frå Sunndalsøra, der ho også er busett.  Ho er utdanna grafisk designer med ein Bachelor i Creative Advertising & Graphic Design frå Perth i Australia. Kristin er kreativ og hardtarbeidande, men mest av alt balansert, strukturert og målretta, både som person og som designar. Frå tidlegare har ho erfaring frå trykkeri og mediebyrå. Ho har sidan 2015 drevet firmaet Edøy Design. Ho arbeidar med design på ulike flater, både på digitalt og print. Kristin kjenner seg heldig som får lov å ha hobbyen sin som jobb!